Ny type tørråtesopp på potet i Noreg – er det eit problem?

17.08.2019 (Oppdatert: 30.08.2019)

Ein ny genotype kalla EU_41 vart første gang identifisert i Danmark i 2013, og i 2015 var den spreidd over heile landet. I 2016 vart den funnen i Noreg i tre felt. Er EU_41 ein trussel for norsk potetproduksjon?

Tørråte kan vera øydeleggjande for potetavlingane. (Foto: Borghild Glorvigen)

av forsker Håvard Eikemo, NIBIO

Ein ny genotype kalla EU_41 vart første gang identifisert i 2013 i Danmark, der den etablerte seg og var i 2015 spreidd over heile landet. I 2016 vart den funnen også i Noreg, i tre forskjellige felt i tre ulike fylker. I 2016 vart den funnen i Sverige, og i 2017 i Polen. I 2017 vart den funnen i tre felt i Noreg, og i 2018 i 4 felt. Er den en trussel for norsk potetproduksjon?

Den nye klonen visar seg å ha høgare sporeproduksjon enn dei tørråtesoppane vi er vande med. Det kan bety at spreiinga går fortare. Tørråteklonen EU_41 har og høgare aggressivitet, noko som kan ha stor påverknad på bekjemping. Det tyder på at det er endå viktigare å vera i forkant av tørråtevarsla når ein skal ut og behandla åkeren.  

Den nye tørråteklonen EU_41 blei funnen i Danmark for første gong i 2013. I 2016 vart den funnen i tre ulike felt i Noreg. 

 

Den norske tørråtepopulasjonen

Den norske populasjonen av tørråte har alltid hatt ein større genetisk variasjon enn den i sørlege delar av Europa. I tidlegare undersøkingar har det aldri blitt funne bevis for etablering av genotypar med til dømes auka aggressivitet eller redusert sensitivitet for kjemiske middel i Noreg. 

Oversikt over samasetninga til tørråtepopulasjonen i ulike land i Europa viser at dei nordiske landa har mykje grått i sirkelen. Det tyder på at vi har stor variasjon i tørråtepopulasjonane, medan dei i sentral- og sør-Europa har ein mykje større andel enkeltklonar (vist ved andelar med enkeltfargar, ein farge = ein klon). 

 

Innsamling av norske isolat

Tidleg på 2000- talet vart det gjennomført ei stor nordisk innsamling der mange norske isolat frå store delar av landet var inkludert. Her vart det funne svært stor variasjon frå alle dei nordiske landa, og ikkje to av isolata frå Noreg var like nok til å bli kategorisert som same genotype (sjå figuren over).

 

EU-prosjekt: IPM Blight 2.0

Gjennom eit EU-prosjekt som starta i 2016 har Noreg vore med på testing av eigenskapane til isolat samla inn frå Noreg og 4 andre Europeiske land gjennom 3 år. Det vart også undersøkt om isolata tilhøyrde ein spesiell genotype. Dette vart gjort for å undersøkja kva eigenskapar dei ulike genotypane har, slik at ein kan vurdera kva risiko det fører med seg viss dei spreier seg til nye område.

Viktige eigenskapar det er testa for er mellom anna: 

  • aggressivitet (kor alvorlege symptom den gir)
  • virulens (evne til å bryta ned resistensgen hjå enkelte potetsortar) og
  • sensitivitet mot kjemiske middel (kor godt virkar tørråtemidla)

Spreiing av ein ny tørråtetype til eit område kan føra til at ein tidlegare resistent sort plutseleg er mottakeleg, eller at eit middel som tidlegare har vore effektivt ikkje lenger kan brukast. Dei siste åra med data har avslørt spreiing av nye genotypar i fleire delar av Europa, og no også i Noreg (EU_41).

 

Ny tørråte er svært tilpassingsdyktig og produserer mange sporar

Den nye tørråtetypen EU_41 er veldig tilpassingsdyktig, og den har svært høg sporeproduksjon. 

Funn av EU_41 i Sør-Noreg

Alle funna av EU_41 har vore sør i Noreg, og bortsett frå eit funn i Agder i 2016 har den berre vore funnen i Østfold, Akershus og Vestfold. Innsamling av isolat er basert på geografi og tid på året, slik at isolatsamlinga får med seg så mykje av variasjonen som mogleg. Me har difor ikkje har full oversikt over kor vanleg den nye genotypen er i områda der den er funnen. Til saman i prosjektperioden har 14 isolat av EU_41 frå Noreg og Danmark vorte testa slik at me har eit brukbart grunnlag for å seia noko om eigenskapane til denne nye genotypen.

Er EU_41 resistent mot tørråtemidlar?

Val av tørråtemiddel. Undersøkingar av EU_41 frå Noreg tyder på at ein ikkje treng å endra val av middel på grunn av denne genotypen. Det vart ikkje funne nedsett verknad av nokon av dei vanlege aktive stoffa i Consento (propamocarb), Ranman/Ranman Top (cyazofamid), Revus Top (fluazinam eller mandipropamid) på isolat av typen EU_41. 

 

Bildet over illustrerar testing av ulike tørråteisolat på blad av potetsorten Bintje. Dei ulike rekkene med blader er behandla med ulike preparat. (Foto: Vinh Hong Le, NIBIO) 

 

Betyr EU_41 noko for bekjemping av tørråte? 

EU_41 produserer mange sporar og er svært tilpassingsdyktig.Testing av aggressivitet og virulens av tørråte har vist at det er store skilnader mellom EU_41 og dei vanlege populasjonane av tørråte i Noreg. Resultata viser at EU_41 er svært tilpassingsdyktig, og har svært høg sporeproduksjon. 

EU_41 scorar høgt. Når ein slo saman alle faktorane til ein «fitness index» var det EU_41 som scora høgast, høgare enn alle dei kjende genotypane som er vanlege i Mellom-Europa. Resten av dei norske isolata scora lågast av alle. Tørråteklonen EU_41 har blitt funne på svært mange sortar med ulike typar resistensgen, og også her scora genotypen høgt i forsøk.

Over 75 prosent av isolata av EU_41 kunne angripa potetsortar med 9 eller fleire resistensgen, noko som er nest høgast av alle genotypane som vart testa, og på same nivå som EU_13, også kjent som «Blue 13». Til samanlikning så er det berre 10 prosent av den vanlege norske populasjonen som greier dette. Dette betyr at sjølv om det ikkje er resistens mot kjemiske middel, så er det svært sannsynleg at eit angrep av denne genotypen kan verta meir alvorleg enn me er vande med. I Danmark i 2017 vart det observert sterke angrep av denne genotypen trass intensiv bruk av kjemiske middel. 

Les meir om tørråte: 

> Tørråte i Plantevernleksikonet 

 

> "New emerging clones of Phytophthora infestans in Europe (Euroblight)

 

> Se presentasjonen Håvard Eikemo (NIBIO) på Potet 2019)

 

> Oppdatert utvikling av tørråtefunn i Norden (Euroblight)

 

> Oversikt over virkningen til ulike tørråtemidler "Late blight fungicide table (Euroblight)". Flere av preparatene er ikke godkjent brukt i Norge. Tabellen oppdateres årlig. 

 

Euroblight – eit europeisk nettverk som arbeider med tørråte

Euroblight er eit Europeisk nettverk av forskarar og andre spesialistar som arbeider med tørråte i potet. I løpet av dei siste 5 åra har det gjennom Euroblight vore gjennomført ein svært omfattande kartlegging av den europeiske populasjonen av tørråte. Overvakinga held fram i 2019, og Euroblight vil intensivere kartlegginga i nokon av områda der EU_41 er funnen.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.