Consento og Reglone ute av bruk frå 2019

Denne sesongen var siste for både Consento og Reglone i potet. Consento var midlet med inntil to dagar tilbakeverkande effekt mot innsmitting av tørråte og Reglone var eit viktig hjelpemiddel for blant annet å oppnå skalfast matpotet. I tillegg hadde Reglone sporedrepande effekt, og bidrog derfor til å redusere risikoen for overføring av tørråtesmitte frå riset til knollane ved opptak. Frå og med 2019 er begge midla ute. På den norske marknaden står vi derfor berre att med tre middel med effekt mot tørråte. Revus og Ranman som begge har førebyggande effekt og Ridomil Gold som kan brukast ein gong tidleg i sesongen mot knollsmitte.

Når ein no blir utan middel med kurativ (behandlande) effekt og heller ikkje kan bruke nedsviing av riset før opptak, blir mye av grunnlaget for integrert plantevern og behandling etter behov borte frå potetproduksjonen. Mangelen på middel med tilbakeverkande effekt, gjer at ein aldri kan ta sjansar i situasjonar med høgt smittepress. Dersom ein ikkje får ei løysing gjennom t.d. dispensasjon for bruk av eit middel med nokolunde same effekt som Consento, blir rådgivinga neste sesong ikkje basert på integrert plantevern. Da blir det rutinemessig bekjemping med fleire sprøytingar og sprøyting for å «vera på den sikre sida».

Det er mange årsakar til at ein har hamna i denne situasjonen. Mellom dei viktigaste årsakene er det generelle synet på plantevernmiddel og det norske regelverket for godkjenning av nye plantevernmiddel. Etter at Norge slutta seg til EU-regelverket og kom inn under nordleg sone ( Norden + Baltikum), skulle situasjonen bli meir føreseieleg. Hovudprinsippet skulle bli at når eit middel var godkjent i eit land, så skulle det opne for godkjenning i Norge. Slik har det ikkje gått, for i tillegg til EU-regelverket har Norge sine eigne reglar, og Norge det einaste landet som bruker alle muligheiter i EU regelverket til å avslå godkjenning av nye middel. Derfor kan eit middel bli lovleg å bruke i våre naboland, men ikkje hos oss. (I den verkelege verda har alle land eigne tilleggskriteria, men Norge har flest).


Metabolittar

Ved nedbrytinga av plantevernmiddel, blir det meste til ufarlege komponentar som vatn og CO2. I tillegg ender noe opp som metabolitt(ar). Vurderinga av faren med dei ulike metabolittane varierer frå land til land. I Norden er det særleg Danmark som legg vekt på korleis det kan gå med metabolittane av omsyn til grunnvatnet. Og etter som dei fleste danskar har grunnvatn som vasskjelde, er det heilt naturleg. I Norge er situasjonen heilt omvendt. Vi har for det mest all vassforsyning frå overflatevatn, som i mange tilfeller er lite påverka av jordbruksdrift.

Innimellom er det i tillegg uråd å forstå logikken i tenkinga til dei som avgjer om eit middel kan godkjennast eller ikkje. Ein skulle tru at ein metabolitt som Danmark ikkje ser på som farleg for sitt grunnvatn, heller ikkje skulle vera det i Noreg. Så enkelt er det altså ikkje, forstå det den som kan.


Proxanil

Proxanil er eit relativt nytt tørråtemiddel, som har mange av dei same eigenskapane som Consento. Proxanil blir nedbrote til mellom anna fleire metabolittar. Middlet vart likevel godkjent i Danmark, og metabolittane vart ikkje vurdert å vera problematisk for dansk grunnvatn. I Noreg vart det avslag, og grunngjevinga er nettopp ein for Mattilsynet problematisk metabolitt.

I avslaget er det kort og enkelt formuleret:

Proxanil har en rekke uheldige miljøegenskaper. Grunnvannsmodelleiringen viser at metabolitten IN-KQ960 vil lekke til grunnvann over grenseverdien. Videre viser vurderingen uakseptabel risiko for fugl og pattedyr.

Vurdering av agronomisk nytteverdi, helse og rester i spiselig produkt.

Disse punktene er ikkje vurdert fordi preparatets egenskaper på miljø medfører avslag på søknad om godkjenning.

På godt norsk betyr dette at Mattilsynet i si vurdering ikkje tillegg muleg uheldige konsekvensar for norsk potetproduksjon noe verdi.


Integrert plantevern

Gjennom heile mi tid som rådgjevar, har integrert plantevern vore bærebjelken. Bruk av plantevernmiddel skulle vera etter behov og ikkje rutinemessig. Blant dei viktigaste føresetnadene for å få til integrert tørråtebekjemping er:

  • Kunnskap om skadegjerar
  • Varsling (VIPS-landbruk.no)
  • Påliteleg vêrvarsel
  • Tørråtemiddel med ulike verknadsmekanismar
  • Kunnskap om resistensførebygging

Etter at Consento mista si godkjenning og andre aktuelle middel som kunne erstatte ikkje har blitt godkjent, står ein nesten på bar bakke. Om ein får eit vanskeleg tørråteår, vil sprøytinga bli rutineprega. Det blir livsviktig å til ei kvar tid ha dekning, noe som gjer at det heller må sprøytast ein gong for mye, enn å risikere høl i dekninga. Ein ender derfor opp med den klassiske situasjonen. «Det beste blir det godes fiende».


Framfor 2020

I skrivande stund er situasjonen alvorleg, men ikkje heilsvart. Mykje står på spel, i verste fall for store delar av norsk potetproduksjon om vi frå 2021 berre har to tørråtemiddel (Revus og Ranman). Sjølv om begge midla har god førebyggande effekt, har ein da ingen hjelpemiddel som kan stoppe utviklinga av eit tørråteangrep om ein får inn smitte i åkeren. Når Ridomil Gold forsvinn frå 2021, mistar vi også det einaste middelet som kan stoppe utviklinga av primærsmitte frå settepotet.

På bakgrunn av tørråtesituasjonen på Austlandet i 2019, er det større sannsynlegheit for å få med tørråtesmitte i innkjøpt settepotet produsert sør for Dovre. Heldigvis er situasjonen betre for den settepoteten som er produsert i Trøndelag. Vi hadde generelt særs små angrep av tørråte i 2019. Derfor er sannsynlegvis trøndersk settepotet omtrent garantert fri for smitte. Det har også vore langt mellom sterke angrep i vanleg konvensjonell potetproduksjon dei siste åra. Derfor er faren for jordsmitte med oosporar liten i Trøndelag neste år.

Om vi ikkje får ein ekstremsesong med samanhengande høgt smittetrykk av tørråte, har vi store sjansar til å greie tørråtebekjempinga også 2020, trass i utfordringane med mangel på nye middel. Men situasjonen er ikkje berekraftig. Det må fleire hjelpemiddel på plass om framtida til norsk potetproduksjon skal vera sikra.

En ny genotype påvist i Norge

For å følgje utviklinga i tørråtesoppen, har det frå 2016 kvart år blitt samla inn materiale og testa for mulege endringar i tørråtepopulasjonen. Ein ny genotype kalla EU_41- A2 vart første gang identifisert i Danmark i 2013, og i 2015 var den spreidd over heile landet. i Noreg vart den første gong påvist i 2016 og det er gjort funn i Sør-Noreg i både 2017 og 2018. Det innsamla materialet frå 2019 er enno ikkje analysert. Så langt er genotypen ikkje påvist i Trøndelag, men det er som regel berre eit spørsmål om tid.

Den nye klonen har høgare sporeproduksjon enn dei tørråtesoppane vi er vande med. Det betyr at spreiinga går fortare. Tørråteklonen EU_41_A2 har og høgare aggressivitet, noko som kan ha stor påverknad på bekjemping. Det gjer at det blir endå viktigare å vera i forkant av tørråtevarsla med bekjempinga.

Dei som vil vite meir om tørråteklonen EU_41_A2, finn ein fyldig artikkel på www.potet.no