Etter mange år utan trøbbel og med kontroll på sjukdommen gjennom god oppfølging med førebyggande tørråtebekjemping, vart det heilsprekk i år. I store delar av Trøndelag fekk dei fleste produsentane nærkontakt med tørråte i større eller mindre grad. Noen områder slapp heldigvis unna. Mandelproduksjonen i Oppdal berga godt og det same gjorde settepotetmiljøet i Namdal.

I tillegg til tørråte, var det også året for stengelråte og blautråte. Til saman blir det dynamitt. Normalt vil enkeltknollar med tørråte tørke inn på lager, og ikkje angripe friske knollar. Men dersom det ligg fleire i lag eller poteten ikkje tørker opp etter opptaking, kan ein få rask utvikling av blautråte. Det kan berre på noen få dagar føre til samanbrot i kassen og etter kvart heile stabelen. Når tørråte har utvikla seg til blautråte, er det veldig vanskeleg i skilje symptoma frå andre former for blautråte.

Effektiv sjukdom

Tørråte har utvikla seg til å bli ein supereffektiv sjukdom. Når angrepet kjem tidleg blir det omtrent inga avling. Ein viktig årsak er massive stengelangrep, som knekker stengelen. Noe vi nesten aldri tidlegare har sett i Trøndelag. På bildet på neste side, ser ein kor nedvisna riset er berre eit lita veke etter starten på angrepet.

Kvifor har det blitt slik?

Basert på data om den genetiske samansettinga av tørråte innsamla i Europa etter årtusenskiftet, så viser desse data ei særs rask genetisk endring av tørråteorganismen. Nokre av hovudtrekka er:

  1. Internasjonal handel bidreg til rask distribusjon av nye aggressive genotypar
  1. Hurtige skifter i populasjonssamansettinga av tørråte => ny rasar blir dominerande berre på nokre få år. Det er også uråd å forutseie korleis soppen utviklar seg.
  1. Endringar i dei epidemiske eigenskapane og klimaendringar har gjort at tørråte no blir funne om lag ein månad tidlegare i Skandinavia, enn det vart gjort på 1970-talet
  1. Effekt av redusert tilgang på nye plantevernmiddel og tiltak for redusert bruk.
  1. Gap mellom målsetting for IPV (integrert plantevern) og tilgjengelege verktøy. Det kan vera noe så enkelt som at ein må dyrke sortar med dårleg resistens pga. krav frå grossist.

Litteratur: Fry et al., 2015. Phytopathology 105: 966-981

EU_41_A2

Dette er kodeordet for ein av dei nyaste tørråterasane, som er påvist i Norge. Berre sida 2008, da EU_13_A2 dominerte med om lag 80 prosent av genotypen i Europa, er bildet heilt endra i 2022. I dag dominerar EU_36_A2 med 35 % av genotypen og EU_13_A2 er ned i 5 %. I tillegg har ein fått fleire nye genotypar, som ikkje vart påvist i 2008.

I 2013/14 var EU_36_A2 og EU-37-A2 sjeldne genotypar, som først vart påvist i Nederland og dei starta spreiinga til resten av nord-vest Europa i 2016. Samtidig vart EU_41_A2 påvist i blant anna Danmark. EU_36_A2 er blant dei mest aggressive i den rådane populasjonen og genotype EU-41_A2 har evne til å overvinne mange rasespesifikke resistensgenar i dei mest brukte potetsortane.

Krevande veskstsesong for Trondersk potet Bilde 1
Ved sida av den «gamle tørråten» er det mye som tyder  på at vi også i Trøndelag har tørråte av rase EU_41 A2. Den er mellom anna karakterisert av særs effektive angrep på stengel. Det gjør at riset kollapsar etter berre noen få dagar. Foto: Jon Olav Forbord

Resistensutfordringar

Erfaringane frå siste sesong med sterke tørråteangrep i Trøndelag, viser at det er all grunn til å stille spørsmål til gjeldande resistensvurdering for dei mest brukte potetsortane. I følgje sortsvelgaren til Graminor har Kuras (mjølpotet) karakteren 8 både for resistens på ris og knoll. Lady Claire har 6 på ris og 5 på knoll. Saturna har 4 på riset og 5 på knoll. Skalaen går frå 1 til 9 med 9 som fullstendig resistent.

I vårt område fekk både Kuras og Lady Claire sterke angrep på riset, medan Saturna greidde seg bra. På knollane er det så langt i sesongen for levering til Hoff Sundnes, størst problem i Lady Claire. Noe som har gitt delvis kollaps på lager og hastelevering til mjøl i staden for klasse 1 potet. Det er også tydlege knollangrep i Kuras, men ein har ikkje så langt sett rask utvikling mot kollaps som i Lady Claire. Saturna ser så langt ut til å lagre godt.

Før ein får ei god kartlegging av genotypane til tørråten, har ein ikkje grunnlag for å trekke sikre slutningar. Men det er mye som tyder på at vi bl.a. hadde EU_41_A2 med på «laget» som gjorde livet surt for mange potetprodusentar siste sommar.

For produksjonen i åra som kjem er det avgjerande at vi har god nok kunnskap om resistens, utviklinga av genotypar og effekt av førebyggande tørråtemiddel. Til det krevst regelmessig kartlegging og rask analyse av innsamla materiale. Vi må i alle fall få svara på kva for genotypar ein finn i det materialet vi har frå årets sesong, før ein skal i gang med neste. Dersom ein manglar kunnskap om genotypane, er resistensvurderinga for dei mest brukte sortane i Norge direkte villeiande.

Klima

Ved sida av eit særs gunstig klima for tørråte med høg luftfukt, passeleg temperatur og regn meir eller mindre nesten kvar dag, glimra også sola med sitt fråvær. Regn nesten kvar dag gjorde det vanskeleg å få til regelmessig bekjemping. Tørråte sporulerar (spreier ny smitte) på morgonen, men i klårvêr og sol blir det aller meste av smitten drepe av ultrafiolett lys frå sola. Sist sommar fekk vi slik hjelp berre noen få dagar i juli og august. Det vart derfor ein lang og seig kamp for å prøve å berge avlinga.

Tidleg angrep

Det første angrepet i år vart funne i ubehandla tidlegpotet. Andre gonger kan dei første angrepa utvikle seg i tidlegpotet under duk eller på økologiske areal. Dersom slike tidlegangrep får utvikle seg epidemisk, som i år, har tørråten stor evne til smitte omkringliggande åkrar. Og når vilkåra er gode, på dagar med fukt og i overskya vêr, kan sporane spreiast over stor avstand.

Andre kjelder for tidlege tørråteangrep er som primærangrep frå knollar med tørråtesmitte. Generelt var det meste av årets settepotet temmeleg fri for smitte. Unnataket var noen få som brukte frø av egen produksjon, kor det var risiko for knollsmitte etter eit svakt tørråteangrep i 2021.

Neste sesong

Mange som har planlagt å bruk frø frå egen produksjon kan få ein krevande sesong neste år. Etter som det er grunn til å rekne med meir eller mindre knollsmitte i veldig mange parti. Inntil ein får full oversikt over situasjonen på lager og gjennom levering, får ein i det minste håpe at neste sommar blir solrik og at klimaet spelar på lag med oss.

Tørrøte Lady Claire, Skatval

Krevande
Foto: Jon Olav Forbord